Home / Series / Kari-Anne på Røst / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • S01E01 1. episode

    • August 28, 2017
    • NRK1

    I øyriket Røst, lengst sør i Lofoten, freistar Kari-Anne å skape seg ei framtid som sauebonde. Ho har flytta frå ein trong sunnmørsfjord til forblåste holmar i havgapet. Der andre ser skjer i sjøen, ser ho store moglegheiter. No vil ho redde det attgrodde landskapet på eitt av Noregs mest kjende fyr, men å setje ein saueflokk ut på Skomvær er krevjande.

  • S01E02 2. episode

    • August 29, 2017
    • NRK1

    På Røst, lengst sør i Lofoten, er sauene øyhopparar og båt viktigare enn fjøsen. For fire år sidan satsa Kari-Anne Nilsen alt på eit liv som bonde her. No har ho fått seg gard og skapt seg eit levebrød, men det er framleis mykje å lære. Å vere sauebonde på Røst er noko heilt for seg sjølv.

  • S01E03 3. episode

    • September 5, 2017
    • NRK1

    Ved det majestetiske fyrtårnet på Skomvær beitar ein liten saueflokk for å redde eit attgrodd landskap, men dei greier ikkje jobben åleine. Kari-Anne har heldigvis mange gode vener. Hjelpande hender kjem båtvegen frå Røst til dugnad, men greier dei å få starta slåmaskina?

  • S01E04 4. episode

    • September 12, 2017
    • NRK1

    Røst, lengst sør i Lofoten, er eit paradis for sauer. Her kan dei beite friskt gras ute nesten året rundt. Godt beite gjev god smak, og no vil Kari-Anne bruke saueblod til eit heilt spesielt matprosjekt. Er blodpølse kokt i magesekk ein god ide? Sauebonden Torill bedømmer smaken og inviterer til radiobingo.

  • S01E05 5. episode

    • September 26, 2017
    • NRK1

    Skreien er komen! Endeleg skal Kari-Anne også få vere fiskarbonde. Med eigen sjark og god hjelp frå den erfarne fiskaren Steinar er ho klar til å hente opp store verdiar frå havet. Men sjarken er liten og havet er stort. Lofotfisket går ikkje heilt etter planen.

  • S01E06 6. episode

    • October 3, 2017
    • NRK1

    Store verdiar blir henta opp frå havet i den vesle øykommunen Røst. Båtane kjem til kai fullasta med fisk. For Kari-Anne har fangsten blitt mager, men sauebonden har ikkje tid til å henge med hovudet. Det er radiosendingar som skal leiast, fiskekaker som skal lagast og ein trufast dyreflokk som treng mat og omsorg.

  • S01E07 7. Julespesial

    • December 17, 2017
    • NRK1

    Det er snart jul hos Kari-Anne på Røst, og ho har meir å gjere enn nokon gong. Sauene får ein ekstra godbit i høgtida, medan bonden må køyre milevis for å skaffe juletre. Vel heime står oppgåvene i kø, for Kari-Anne skal lage julemarknad i eit hus utan straum og vatn: Det er gran som skal pyntast, karamellar som skal lagast og i vedomnen brenn julebrøda seg altfor fort. Rekk ho å bli ferdig før freden senkar seg over Røst?

Season 2

  • S02E01 1. episode

    • October 1, 2018
    • NRK1

    No skal sauene få selskap. Bonden legg ut på ekspedisjon for å hente heim to utan ull. Ho er på viktig oppdrag. For fyrste gong sidan 1970-talet skal det beite kyr på Røst att.

  • S02E02 2. episode

    • October 8, 2018
    • NRK1

    Det er ikkje berre dyr ein bonde må ta seg av. På Røst treng også mange hus ei hjelpande hand, eitt av dei ligg på garden til Kari-Anne. Ei rønne kan bli ei perle med litt eksperthjelp, og no skal røstværingane lære seg å restaurere vindauge. Og så skal dyrelivet utvidast med grisefint besøk. Sauene får selskap av to som også har ull.

  • S02E03 3. episode

    • October 15, 2018
    • NRK1

    Årets viktigaste tid er her. Hundrevis av små nøste skal kome til verda, og nokre treng ekstra hjelp for å få ein trygg start på livet. Sauebonden må vere helt om dagen og helt om natta. Det blir harde dagar for Kari-Anne og hjelparane hennar.

  • S02E04 4. episode

    • October 22, 2018
    • NRK1

    No skal små lam ut på havet. Ei stor og spanande verd ventar. For å kome ut av fjøsen for fyrste gong, byr på ekstra utfordringar når ein er sau på Røst. Kari-Anne og dei gode hjelparane hennar får dei trygt fram med nesten militær presisjon. Bonden er spent sjølv også, ein etterlengta gjest er på veg. Det blir eit varmt møte når mamma endeleg kjem på besøk.

  • S02E05 5. episode

    • October 29, 2018
    • NRK1

    På garden er dyrelivet i vekst. Ullgrisane har vakse seg store og kvigene har nesten funne roa. Ei hjelpande hand frå Amerika gjev bonden moglegheit til å kaste loss. Kari-Anne skal på loffen i Lofoten. Der får hestejenta i henne hente fram gamle kunstar, ho lagar gourmetmat i sanden og møter gamle kjente på fire føter.

  • S02E06 6. episode

    • November 5, 2018
    • NRK1

    Ein liten gris skal helst bli ein attraktiv gris for to vaksne ullgrisfruer. Han slit med å vinne damenes gunst. Ute på markane har graset vakse seg langt og det er tid for slått. Då sviktar utstyret. Heldigvis er gode vener og familie fulle av arbeidslyst og kan hjelpe ein bonde i naud. Og ute i havgapet ventar prisen for hardt arbeid, når Lofoten viser seg fram i all si prakt.