Home / Series / Superbonden / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • S01E01 Episode 1

    • October 27, 2016
    • NRK1

    Premiere! Ti bønder frå heile landet møter opp på Jæren. Der skal dei bu og konkurrere i kunnskap og ferdigheiter knytt til bondeyrket. Alt første dag er konkurransen i full gang. Dei må då vise at dei kan skilje kyr og kjøre traktorhinderbane før dei får kjenne på kroppen at salatplanting er ein tøffare konkurranse enn ein skulle tru. Dei to som gjer det dårlegast møtest til slutt i ein krevjande duell der taparen må reise heim.

  • S01E02 Episode 2

    • November 3, 2016
    • NRK1

    Ti bønder er blitt til ni i konkurransen om å bli Superbonden. Denne gongen må bøndene bruke rå styrke og kløkt når laga kappast i å setje opp straumgjerde. Dei etablerte bøndene får konkurranse frå uventa hald når dei skal analysere tanngardar på sau.

  • S01E03 Episode 3

    • November 10, 2016
    • NRK1

    Ni har blitt til åtte bønder i Superbonden. Plogen skal i jorda og bøndene må vise at dei kan handtere maskiner med millimeterpresisjon. Dei får også ei uventa utfordring i møte med ein alpakkaflokk.

  • S01E04 Episode 4

    • November 17, 2016
    • NRK1

    For dei åtte bøndene som er att er det vill vest når dei vert kasta ut i ein hestekonkurranse. Bøndene får verkeleg brynt seg som mekanikarar når neste oppgåve er å montere saman ein komplisert landbruksmaskin som ligg i småbitar. Det blir svært krevjande å unngå mjølkeduell.

  • S01E05 Episode 5

    • November 24, 2016
    • NRK1

    Sju bønder er blitt til seks i konkurransen om å bli Superbonden. I dag står jord, stein og gravemaskiner på programmet. Kor mykje kunnskap har eigentleg bøndene om jorda dei lever av? Kven av laga har musklane og evnene som skal til for å bygge ein tradisjonell jærsk steingard?

  • S01E06 Episode 6

    • December 1, 2016
    • NRK1

    Seks bønder er blitt til fem. Laga er borte og nå kjempar alle mot alle i kampen om å bli Superbonden. Bøndene har reist til vakre Høg-Jæren. Der får dei bli kjente med landbrukets mest uregjerlege dyr, geitene. Kven har best lag med desse? For å unngå duell må bøndene også vise at dei verkeleg beherskar bondens beste venn: ein fartsfylt firhjuling.

  • S01E07 Episode 7

    • December 8, 2016
    • NRK1

    Fem bønder er blitt til fire. Finalen nærmar seg med stormskritt og konkurransane krev solid landbrukskunnskap. Motorsagene og landbruksmaskinene blir henta fram når presisjonsfelling av tre og rundballepressing står på programmet. Bøndene kjempar nå om plass i semifinalen!

  • S01E08 Episode 8

    • NRK1