Home / Series / Heimebane / Aired Order /

All Seasons

Season 1

  • SPECIAL 0x1 Trailer

    • February 6, 2018
    • NRK1

    Smakebit på den kommende serien

  • S01E01 Den som vil det mest

    • March 4, 2018
    • NRK1

    Når ein nyopprykt eliteserieklubb mistar trenaren sin like før seriestart, får Helena sjansen til å ta steget over til herrefotballen. Men for å sikre seg jobben må ho kapre han framfor nasen på ein tidlegare utanlandsproff med store trenarambisjonar.

  • S01E02 Steikje bra

    • March 4, 2018
    • NRK1

    Etter eit katastrofalt fyrsteinntrykk i garderoben må Helena sjarmere ein kvinnefiendtleg hovudsponsor til å investere i nye spelarar og overtyde eit traumatisert stortalent om å ta på seg fotballskoa igjen.

  • S01E03 Debutantar

    • March 11, 2018
    • NRK1

    Helena vil debutere med siger på heimebane, men nysignerte Adrian skapar trøbbel i spelargruppa og viser seg å ha større psykiske problem enn Helena var klar over.

  • S01E04 Medgangssupportare

    • March 18, 2018
    • NRK1

    Helena hamnar på kant med supporterane og risikerer å spele heimekamp for tomme tribunar. Michael lar seg sjarmere av ein ung fan, mens Camilla forsøker å få drøymejobben.

  • S01E05 Fair Play

    • March 25, 2018
    • NRK1

    Helena brukar umoralske grep for å vinne lokalderbyet mot Ålesund. Camilla har besøk frå Trondheim og blir konfrontert med kva ho føler for Adrian. Eivinds kone prøver å få kontakt med han frå sjukehuset.

  • S01E06 Inga kommentar

    • April 1, 2018
    • NRK1

    Helena blir suspendert og må vurdere å skape mediestorm for å anke avgjerda. Michael prøver å skjule noko for kona mens han posisjonerer seg for trenarjobben. Camilla begynner i ny jobb, men slit med å tolke tilnærmingane frå ein kollega.

  • S01E07 Deadline Day

    • April 8, 2018
    • NRK1

    Helena og Espen må ta skjebnesvangre val for å tvinge gjennom kjøpet av ein ny spiss. Camilla og Adrian er på date, men når Nils dukkar opp, blir Camilla tvinga til å fortelje ei hemmelegheit.

  • S01E08 Straffeskyttarane

    • April 15, 2018
    • NRK1

    I uka før ein avgjerande kvartfinale i cupen prøver nyinnkjøpte Mario å finne seg til rette i Ulsteinvik. Michael blir kasta ut heimanfrå. Adrian blir gjenforeina med faren sin etter ein traumatisk avskjed i Amsterdam.

  • S01E09 Over streken

    • April 22, 2018
    • NRK1

    Helena må vinne ein skjebnesvanger kamp mot Rosenborg eller risikere å miste jobben. Adrian får besøk av faren sin og må ta et val om framtida. Michael ser ei mogelegheit til å få orden på livet sitt.

  • S01E10 The Great Escape

    • April 29, 2018
    • NRK1

    Varg kjempar til siste serierunde for å unngå nedrykk. Espen legg ein uortodoks plan for å redde jobben til Helena. Camilla leitar etter ei framtid i Ulsteinvik.

Season 2

  • S02E01 Stolt fortid, stor framtid

    • February 17, 2019
    • NRK1

    Helena prøver å få kontakt med Camilla før sesongens første kamp mot Rosenborg. Espen jobbar desperat for å redde økonomien i klubben.

  • S02E02 Alt for Noreg

    • February 24, 2019
    • NRK1

    Adrian blir kalla opp til landslaget og Helena er ekspert i studio under debutkampen hans. Spelargruppa slår sprekkar når sanninga om økonomien i klubben kjem til overflata.

  • S02E03 Sviræv

    • March 3, 2019
    • NRK1

    Ein bortekamp i cupen blir vanskelegare enn Helena hadde sett for seg. Espen prøver å reparere samhaldet i den splitta spelargruppa.

  • S02E04 Go Your Own Way

    • March 10, 2019
    • NRK1

    Varg er på randa av konkurs, og Helena og Espen må ta vonde val for å redde framtida til klubben.

  • S02E05 Ikkje til sals

    • March 17, 2019
    • NRK1

    Helena bruker tvilsame grep for å stoppe Rosenborg i overgangsvindauget. Michael blir tvinga inn i ein ubehageleg konfrontasjon med Marianne.

  • S02E06 Reservelaget

    • March 24, 2019
    • NRK1

    Helena tar eit upopulært val for å satse mot ein plass i cupfinalen. Camilla må stille opp for Adrian, og oppdagar noko ubehageleg.

  • S02E07 Jævla Ålesund

    • March 31, 2019
    • NRK1

    Når lokaloppgjeret mot Ålesund blir avbrote tjue minutt før slutt, må Helena finne ei ny sigersoppskrift fort.

  • S02E08 Never Walk Alone

    • April 7, 2019
    • NRK1

    Helena prøver å redde sjela til Varg før sesongens siste kamp.